63/25 Skriftlig spørsmål til fylkesrådet fra Anders Eidsvaag Graven (SP) om ekspressbussar i Follo

  • Nummer: 63/25
  • Dato innsendt: 04.08.2025
  • Dato besvart: 14.08.2025

Spørsmål:

Vil fylkesrådet ta initiativ til, i samråd med jernbanemyndigheitene og Ruter, fleire ekspressruter frå Nordre Follo, og vurdere ytterlegare tiltak, i den tida Kolbotn stasjon er under ombygging?

Grunngjeving:

4. august vert Kolbotn stasjon opna for persontrafikk igjen, men kun med enkeltspora drift heilt fram til hausten 2026, ifølge Bane Nor sine nettsider. I denne perioden vert også ekstratoga i rushtida på Østfoldbanen innstilt.

Togverkstaden på Sundland i Drammen skal og byggast ut, noko som kan medføre færre tog og togsett i drift. Dette kjem på toppen av dei generelle utfordringane ein har med innstilte og forseinka tog som følge av ein gamal infrastruktur som treng oppgradering.

Når ferietida no etterkvart er over for dei fleste, aukar talet daglege reisande av m.a. pendlerar, skuleelevar og studentar. Det er stor fare for at problema for dei som reiser kollektivt, vil auke vesentleg.

Det er behov for at det vert tatt grep i møte med denne situasjonen, herunder betre koordinering mellom stat og fylke, for å sikre tilstrekkeleg kapasitet i vegsystemet og kollektivtilbodet til ei kvar tid. I tillegg bør fylkeskommunen og vurdere andre tiltak i møte med situasjonen, m.a. fleire pendlerparkeringsplassar, i tillegg til fleire ekspressbussavgangar.

Svar frå fylkesråd for samferdsel, Håkon Snortheim

Fyrst vil eg byrja med å takke for spørsmålet. Det er Bane Nor som er tiltakshavar for bygginga av Kolbotn stasjon og som eig arealet rundt stasjonane. Dei har ikkje kontakta Akershus om behov for øking av innfartsparkeringsplassar. Det er Bane Nor som må setje opp bussar til erstatning for togtrafikk når det er behov for dette. Me har kontakta Ruter som vurderer busstilbodet til å vera godt nok når det gjeld kapasitet. Busslinjene 81, 83 og 84E har plass til fleire passasjerar og i tillegg er det òg ledige plassar på linje 80E som køyrer til og frå Holmlia. Det vil og køyre tog kvart femtande minutt fram til 2026 når dei nye toga kjem.