- Nummer: 72/24
- Dato innsendt: 05.08.2024
- Dato besvart: 14.08.2024
Det er sett i gang vegarbeid fleire stader på Vevelstadveien på Siggerud i løpet av siste månadane. Arbeidane er framleis ikkje ferdigstillt, noko som medfører farlege trafikksituasjonar. Mange born ferdast i området, og det er snart skulestart. Difor spør eg;
Kvifor er arbeidet stansa og når er det planlagt å ferdigstillast?
Svar fra fylkesråd for samferdsel Håkon Snortheim
Fylkesråden vil byrje med å takke for spørsmålet.
Det går føre seg arbeid med rehabilitering av busslommer, forsterkning av vegen og andre
forarbeid før dekkelegging på strekninga.
Det er driftsentreprenøren vår, Vaktmesterkompaniet, som utfører desse arbeida. Til slutt
skal det leggjast nytt asfaltdekke gjennom dekkekontrakten i Follo.
Arbeida er forventa ferdigstilte i løpet av veke 35.