- Nummer: 101/24
- Dato innsendt: 16.10.2024
- Dato besvart: 24.10.2024
Onsdag 16. oktober kunne fleire riksdekkande aviser melde at fråværet aukar i både 10. klasse og vidaregåande skule. Direktør i Utdanningsdirektoratet peiker på nedgåande læringsresultat og trivselsresultat, at mobbinga aukar og mønstre frå pandemien.
Vi veit at trivsel og meistring er viktig for at elevane kjem på skulen. Sjølv om mykje går bra i Akershusskulen, må me gå ut frå at same tendens gjeld for våre elevar som i resten av landet.
Spørsmåla er som følgjer:
- Korleis står det til med fråværet for elevane på våre videregående skuler?
- Kva veit me om utviklinga i fråværet over tid for våre elevar?
Svar fra fylkesråd for opplæring og kompetanse, Lise Hagen Rebbestad
Spørsmålet med innledning:
Onsdag 16. oktober kunne fleire riksdekkande aviser melde at fråværet aukar i både 10. klasse og vidaregåande skule. Direktør i Utdanningsdirektoratet peiker på nedgåande læringsresultat og trivselsresultat, at mobbinga aukar og mønstre frå pandemien. Vi veit at trivsel og meistring er viktig for at elevane kjem på skulen. Sjølv om mykje går bra i Akershusskulen, må me gå ut frå at same tendens gjeld for våre elevar som i resten av landet.
Spørsmåla er som følgjer:
- Korleis står det til med fråværet for elevane på våre videregående skuler?
- Kva veit me om utviklinga i fråværet over tid for våre elevar?
Fylkesråden vil i rapporten for gjennomføring og resultat omtale elevane sitt fråvær i samanheng med gjennomføringa – ein rapport som er planar om å leggje fram for fylkestinget i møtet i desember 2024.
I skuleåret 2023/2024 aukar totalfråværet 0,7 prosent til 7,9 prosent, noko som òg er ein nasjonal trend etter koronaperioden. Til samanlikning er det kun Oslo sitt elevfråvær som er høgare. Follo har den lågaste auka med 0,2 prosentpoeng frå i fjor, men hadde på det tidspunktet høgast totalfråvær.
Samanliknar vi fråværet i skuleåret 2023/2024 med siste skuleår før koronaperioden 2018/2019, ser vi at auken i totalfråværet er på 2,2 prosentpoeng – frå 5,7 prosent til 7,9 prosent. Vi kan sjå at utviklinga synar om lag den same auka uavhengig av kva region ein ser på, sjølv om det er noko høgare det siste skuleåret i Asker og Bærum enn på Romerike og i Follo.
Skjermdump fra besvart spørsmål
Tabellen viser utviklingen av fravær i prosent for Akershus som helhet, og for regionene.