97/24 Skriftlig spørsmål til fylkesrådet fra Anine Norén (H) om implementering av fullføringsreforma

  • Nummer: 97/24
  • Dato innsendt: 09.10.2024
  • Dato besvart: 17.10.2024

Frå skuleåret 2024/2025 tredde fullføringsreforma i kraft. Som ein del av fullføringsreforma vart fullføringsretten innført, som gjev rett til vidaregåande opplæring heilt til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Fullføringsreforma er viktig for å sikre at fleire fullfører, og at manglande kompetanse ikkje skal avgrense ungdomar og vaksne sine moglegheiter til å velje si eiga retning i livet. Det er likevel uvisst kva reforma betyr for utdanningsinstitusjonane i praksis. Spørsmåla er difor som følgjer:

  1. Er det gitt tilstrekkeleg informasjon til utdanningsinstitusjonane om implementeringa av fullføringsreforma, anten frå regionalt eller nasjonalt nivå?
  2. Har regjeringa tilstrekkeleg finansiert dei effektane fullføringsreforma vil få for utdanningsinstitusjonar i Akershus?

Svar fra fylkesråd for opplæring og kompetanse, Lise Hagen Rebbestad

Representanten Anine Norén, Høyre, har stilt spørsmål om Implementering av fullføringsreforma som tredde i kraft frå skuleåret 2024/2025.

Med dette vart også fullføringsretten innført, noko som gjev rett til vidaregåande opplæring heilt til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Fylkesråden deler representanten Noréns syn på at Fullføringsreforma er viktig for å sikre at fleire fullfører, vil og svare på dei to spørsmåla nedanfor.

1. Er det gitt tilstrekkeleg informasjon til utdanningsinstitusjonane om implementeringa av fullføringsreforma, anten frå regionalt eller nasjonalt nivå?

Nasjonalt nivå har undervegs i prosessen gitt tydeleg informasjon når det gjeld kva ein vil oppnå med fullføringsreforma, og kva hovudendringar som skulle innførast på overordna nivå. Det har likevel vore ei utfordring at dei endra rettane først vart endeleg formulerte i ny opplæringslov og forskrift som tredde i kraft frå 1. august 2024, og at forskrifta vart klar først seint på våren 2024.

På fylkeskommunalt nivå har det vore jobba med å førebu dei tre nye fylkeskommunane det siste året i Viken, og dette har framleis inn i 2024 som Akershus fylkeskommune. Med ny lov og forskrift på plass, er det i haust påbyrja ein intern prosess i opplæring og kompetanse for å identifisera utfordringsområde og avklara tolkingar av lovteksten. Ein tilsvarande prosess er påbyrja med dei vidaregåande skulane og rettleiingssentera i Akershus, og vil gå føre seg resten av denne hausten.

Sjølv om me no har ny lov og forskrift på plass, er det likevel uvisse knytt til korleis fullføringsreforma reint faktisk vil slå ut og påverke opplæringa i Akershus, utover at me veit at me vil få fleire som me skal gi opplæring til. I hovudsak gjeld dette:

  • Ein tidsubestemt rett til opplæring fram til fullført studie- eller yrkeskompetanse
  • Utvida rettar til opplæring for vaksne, under dette modulstrukturert fag- og yrkesopplæring
  • Rett til meir opplæring for elevar i vidaregåande skule som ikkje fullfører og består på planlagd tid
  • Rett til rekvalifisering, der personar med fagbrev har rett til å komma tilbake til vidaregåande opplæring for å få opplæring mot eit nytt fagbrev og personar som har gått studieførebuande løp har rett til å komma tilbake for å få opplæring mot fagbrev.
  • Rett til å gjera omval undervegs i vidaregåande opplæring, dvs endra utdanningsprogram undervegs.

Ein del av prosessen i haust er å sjå på tidlegare data for dei ulike gruppene for på den måten å gi nokre anslag på kor mange det potensielt vil vera som har forsterka/nye rettar til opplæring etter fullføringsreforma. Det er likevel uvisst kor mange som faktisk vil nytta seg av retten, og me vil derfor måtta hausta erfaringar frå dei to neste skuleåra for å få eit meir realistisk bilete av dette.

2. Har regjeringa tilstrekkeleg finansiert dei effektane fullføringsreforma vil få for utdanningsinstitusjonar i Akershus?

Dette er det vanskeleg å svara presist på, gitt uvissa knytt til kor mange/omfanget av ungdommar og vaksne som vil nytta seg av dei nye og endra rettane i fullføringsreforma.

Akershus fylkeskommune har fått styrkt ramma si med om lag 33 millionar kr i statlege overføringar etter innføringa av fullføringsreforma og ser me dette opp mot nokre anslag baserte på data frå tidlegare år, peikar desse i retning av at den statlege styrkinga av ramma frå fylkeskommunen ikkje vil vera tilstrekkeleg. Det blir som nemnt ovanfor likevel nødvendig å få erfaring frå dei neste skuleåra før me kan konkludera rundt dette.